Sjeldan moglegheit! Spennande og utfordrande stilling for den rette personen, kom å bli med på laget vårt!
Bu- og Rehabiliteringstenestene ved Barne- og avlastningstenestene har ledig 4 x 100 % stilling i per tiden langvaktsturnus døgn (med atterhald om godkjenning frå fagforbunda sentralt), med vakter som er planlagd å gå som 2-7, 3-7, - 2-7, med arbeid kvar 4. helg.
Bu- og rehabiliteringstenestene inkluderer fire avdelingar med tre bueiningar for vaksne personar med ulike funksjonsnedsetjingar, Avdeling for Barne- og avlastingstenester, Dagsenter og avdeling for Psykisk helse- og rus. Eininga har omlag 70 årsverk og har bra fagkompetanse.
Arbeidsoppgåver
- Dagleg direkte miljøterapeutisk arbeid i samsvar med brukars tenestetilbod
- Bistand til personleg hygiene og anna praktisk bistand og gjeremål
- Planlegging, oppfølging og utarbeiding av planarbeid, etter gjeldande lovverk, mål og resultat
- Planlegge, kartlegge, dokumentere og evaluere tenestetilbodet
- Kontakt med interne og eksterne samarbeidspartnarar
- Primær- og eller sekundærkontaktarbeid
- Legemiddeladministrasjon
- Samarbeid med pårørande/verge
- Journalføring
- Eventuelt koordinatorfunksjon
- Arbeid med Kap 9 HOTL
- Rettleiing av opplæring av kollegaer, nye tilsette og eventuelt studentar
- Praktiske gjeremål i bustad og andre delegerte oppgåver frå leiar
Kvalifikasjonar
- Autorisert vernepleiar eller sjukepleiar, eventuelt anna relevant treårig høgskule eller universitetutdanning kan vere aktuelt
- God norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne
- Førarkort klasse B
- Ynskjeleg med erfaring frå arbeid med brukargruppa og målretta miljøarbeid
- Erfaring med og kunnskap om tenester til menneske med nedsett funksjonsevne
- Kunnskap om og erfaring med førebygging og handtering av åtferd som kan utfordre
- Kunnskap om kap. 9 HOTL
- Personleg eignaheit vert vektlagd
- Krav om politiattest
Personlege eigenskapar
- Du har evne til å arbeide målretta og strukturert
- Du må vere løysingsorientert og ha god evne og vilje til å arbeide sjølvstendig og i team
- Du har ei særleg interesse og evne til å arbeide med born og unge
- Du greier å stå i utfordrande situasjonar
- Du er aktiv bidragsytar til eit godt arbeidsmiljø
- Du held deg fagleg oppdatert og er fagleg engasjert
- Evne til etisk refleksjon og god arbeidsmoral
- Du er lojal og viser evne til fleksibilitet
Vi tilbyr
- Utviklingsorientert felleskap og kollegastøtte
- Gode kollegaer og triveleg arbeidsmiljø
- Tilsetting i samsvar med offentleg avtaleverk
- Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
- Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP
Offentlegheit
Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.
Kontaktinformasjon
Lisbeth Schei Bjørdal, einingsleiar Bu- og rehabiliteringstenestene, Logg inn for å se kontaktinformasjon ,
Logg inn for å se kontaktinformasjon Logg inn for å se kontaktinformasjon
Arbeidsstad
Ullaviklia 19
6230 Sykkylven
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Sykkylven kommune
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.02.2025
Søknadsfrist: 24.11.2024
Epost: Logg inn for å se kontaktinformasjon Logg inn for å se kontaktinformasjon