Vinje er kommunen for deg som søkjer vakre naturopplevingar! Du som likar å jakte, fiske og drive med ulike friluftsaktivitetarDu som trivst best i slalombakken, i langrennsløyper innover vidda eller på høge topparDu som blir lokka av det nære og tryggeDu som trivst i eit lokalmiljø der ting skjerDu som vil få til noko- Du kjem til å trivast her i Vinje!
Vinje kommune ser etter ein ny fysioterapeut til vår fagleg engasjerte og trivelege fysio-ergoterapi avdeling. Hos oss får du ein spanande arbeidskvardag i eit godt arbeidsmiljø. Tverrfagleg samarbeid er viktig for oss, og me er stolte av å ha høg kompetanse i alle ledd av dei kommunale tenestene. Vinje kommune er positiv til kreative utviklings- og fornyingsidear, og du har store moglegheiter til å påverke arbeidskvardagen din.
Fysio- og ergoterapiavdelinga er organisert under verksemda helse og førebygging, saman med legekontor, helsestasjon- og skulehelsetenesta, kommunepsykolog og det interkommunale jordmorsamarbeidet. Avdelinga består i dag av 3 kommunale fysioterapeutar, 2 ergoterapeutar og 3 fysioterapeutar med driftstilskot.
I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta. I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Elisabet Smalås Haagensen, Avdelingsleiar friskliv, fysio- og ergoterapitenesta, Logg inn for å se kontaktinformasjon
Vinjevegen 212
3890 Vinje
Arbeidsgivar: Vinje kommune
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 11.12.2024
Søknadsfrist: 01.12.2024
Logg inn for å se kontaktinformasjonShare this job with your friends
Share this job with your friends
Copyright © 2024 Grabjobs Pte.Ltd. All Rights Reserved.