Number of Applicants
:000+
This job is no longer accepting applications.
Scroll down below to view similar jobs .
I Vest politidistrikt, for tida Felles eining for etterretning og etterforsking, Seksjon for etterforsking av organisert kriminalitet, Avsnitt for etterforskning av organisert kriminalitet, er det ledig ei eller fleire faste stillingar som politiførstebetjent med funksjon som spesialmedarbeidar innan etterforskning av organisert kriminalitet.
Seksjon for organisert kriminalitet består av tre avsnitt, Avsnitt for etterforsking av organisert kriminalitet, Avsnitt for etterforsking av menneskehandel og Avsnitt for metodebruk. Seksjonen er organisert ved Felles eining for etterretning og etterforsking og har som funksjon å bistå med spisskompetanse i høgt prioriterte saker i heile politidistriktet. Ein må difor rekne med noko reiseverksemd i heile distriktet.
Seksjon for etterforsking av organisert kriminalitet består av ein gjeng med særs dedikerte medarbeidere. Seksjonen forvaltar til dømes bruk av skjulte etterforskingsmetodar i Vest politidistrikt. Mye av etterforskinga i våre saker byggjer på elektroniske spor. Vi legg stor vekt på å verne om korleis våre metodar vert brukt og vi ser nå etter ein kollega med høg grad av integritet som kan vere ein ressurs særleg tilknytta arbeidet med elektroniske spor på avsnittet, og som vil bidra aktivt i kunnskapsbyggjing på hele seksjonen.
Nødvendig
Ønskjeleg
Som medarbeidar i politiet har du høgt etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vera modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lesa meir om Logg inn for å se kontaktinformasjon
Generelt Politiet meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Me treng medarbeidarar med ulike kompetansar, bakgrunn, erfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Dersom det er mogleg vil me leggja til rette for medarbeidarar som har behov for det.
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal me kalla minst inn éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil seia positivt særbehandla på denne måten, må søkjarane oppfylla visse krav.
For å ha eit godt vurderingsgrunnlag ber me deg om å registrera utfyllande CV i rekrutteringsportalen vår og lasta opp relevante attestar og vitnemål. Dersom du har funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn oppmodar me deg til å kryssa av for dette i rekrutteringsportalen vår. Avkryssingane dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine. Les mer på Logg inn for å se kontaktinformasjon Opplysningar om deg kan bli offentleggjort sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.
Torbjørn Mørk, Seksjonsleiar, Logg inn for å se kontaktinformasjon
Ørjan Teigenes, Avsnittsleiar, Logg inn for å se kontaktinformasjon
Spørsmål om elektronisk CV/søknad, Seksjon for HR,
Logg inn for å se kontaktinformasjon Logg inn for å se kontaktinformasjonAllehelgens gate 6
5016 Bergen
Arbeidsgiver: Vest politidistrikt
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 27.11.2024
Epost: Logg inn for å se kontaktinformasjon Logg inn for å se kontaktinformasjonThis job is no longer accepting applications.
Scroll down below to view similar jobs .
Share this job with your friends
Share this job with your friends
Copyright © 2024 Grabjobs Pte.Ltd. All Rights Reserved.