Er du klar for å være med å forme framtida for miljøvennleg transport? Fjord1 er ein verdsleiande pioner innan det grøne skiftet, og vi streber etter å være den sikraste og mest attraktive leverandøren av miljøvennleg ferje- og hurtigbåttransport i marknaden!
Vi har no ei ledig stilling som overstyrmann i sambandet Halhjem-Våge, om bord vår flotte el-ferge MF Kommandøren.
Kvifor velje oss?
- Variert og spanande arbeid: Du vil arbeide med toppmoderne teknologi, og bidra til ei grønare framtid.
- Fleksibel skiftordning: Døgnskift med 3 veker på, og 3 veker av ein god balanse mellom arbeid og fritid.
- Kjekke kollegaer: Bli del av eit team med dyktige, og hjelpsame medarbeidarar.
- Karrieremoglegheiter: Vi tilbyr gode moglegheiter for fagleg utvikling og karrierevekst.
Søkjar bør bu lokalt.
Ein flott jobb å kombinere med familieliv og fridtid!
Arbeidsoppgåver
- Leiar for dekksavdeling
- Avløysar for skipsførar
- Ettersyn på navigasjonsutstyr
- Oppgåver iht alarminstruks
- Sikre at fartøyet alltid er sjødyktig
- Treffe avgjersler som ikkje kan utsetjast ved skipsførar sitt fråfall
- Oppdatering og ajourhald av vedlikehaldssystem for dekk
- Opplæring, utvikling og trening av personell
- At mannskapet har riktig verneutstyr
- At passasjerane vert behandla på ein høfleg måte
- At kommunikasjonsutstyr er i orden
- At billettering og kontroll vert utført
- At lasting og lossing vert utført effektivt og forsvarleg
Kvalifikasjonar
- Minimum D3-sertifikat
- GMDSS/ROC-sertifikat
- Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
- Krise- og passasjerhandtering
- Gyldig helseerklæring
Personlege eigenskapar
- Vi leter etter en erfaren og dyktig overstyrmann med sterk forståelse for sikker navigasjon, operativ ledelse og samarbeid i maritime team. Du må kunne håndtere krevende situasjoner med ro og besluttsomhet, ha god kjennskap til relevante forskrifter og bidra til å sikre trygg og effektiv drift av fartøyet. Om desse eigenskapane beskriver deg, tar vi gledeleg imot din søknad.
Vi tilbyr
- Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart, og Norsk Sjøoffiserforbund.
- Eit godt arbeidsmiljø med støttande kollegaer.
- Attrakive velferdsordningar.
- Skiftordning: Døgnskift - 3 veker på, og 3 veker av
Kontaktinformasjon
Viktoria Marie Hegna Grannes, Bemanningskoordinator, Logg inn for å se kontaktinformasjon Logg inn for å se kontaktinformasjon
Arbeidsstad
Halhjemsvegen 275
5208 Os
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Fjord1 ASStillingsprosent: 100%FastSøknadsfrist: 15.11.2024
Epost: Logg inn for å se kontaktinformasjon