V

Helsetenesta, Stranda kommune

icon loader
icon loader

This job is no longer accepting applications.

Scroll down below to view similar jobs .

Job Description - Helsetenesta, Stranda kommune

Vi har ledig 2 faste stillingar som fastlege/ALIS  

Då ein av våre fastlegar gjennom 33 år skal gå av med pensjon frå april 2025 blir det ledig ei fastlegestilling. Den andre stillinga er nyoppretta pr. januar 2024.
Muligheita ligg derfor godt til rette dersom to ønskjer å starta ved same legekontor.  
Listetak pr. i dag er 750 pasientar for spesialistar i allmennmedisin og 600 pasientar for ALIS. Vi ynskje spesialist i allmennmedisin eller nyutdanna lege under spesialisering (ALIS).   Legestillinga er fastløna og alle ved kontoret er kommunalt tilsett. Legekontor er eit veldrive legekontor og vi har idag 7 legeheimlar og 1 LIS1-stilling.  Vi nyttar journalsystemet PasientSky. 


Kvifor velge oss:

  • Godt arbeidsmiljø med erfarne legar og stabilt og velutdanna hjelpepersonell 
  • Spanande arbeidskvardagar med god variasjon i allmennmedisinske utfordringar
  • Ei utfordrande og variert stilling med moglegheit for utvikling og fagleg påverknad
  • Regelmessig internundervisning
  • Kontoret har kultur for "opa dør"-prinsipp for rettleiing
  • God fastløn og 15 % omsetningsløn
  • Normal arbeidstid: 37,5 timar pr. veke
  • Til stillinga er det offentleg legearbeid med inntil 7,5 timar pr. veke 
  • Det er lagt til rette for heimekontor og ein administrativ dag.
  • Kommunen dekkjer kursutgifter / oppretthalding av spesialisering, som ikkje blir dekka av utdanningsfond II
  • Kommunen er godkjent utdanningsverksemd
  • Vi tilbyr god ALIS-avtale og tilrettelegging for spesialisering innan allmennmedisin
  • Ved ALIS-avtale tilbyr vi erfarne rettleiarar
  • Interkommunal legevaktordning med 3 fast tilsette legevaktslegar og hjelpepersonell.
    Fastlege deltek i vakt primært laurdag og søndag 08:00-16:00 pr. no i 10-delt turnus (12-delt frå 01.01.25), legevakta er timeløna som sjølvstendig næringsdrivande. 
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar 

Kvalifikasjonar

  • Søkjarar må ha norsk autorisasjon som lege
  • Søkjarar må kunne uttrykke seg godt på norsk, munnleg og skriftleg
  • Førarkort for personbil

Personlege eigenskapar

  • Tålmodig, trygg og roleg, omgjengeleg og serviceinnstilt
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og i team
  • Fleksibel
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt

Vi tilbyr

I stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar kun vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer fra den dagen du sluttar å arbeide og livet ut. Pensjonen inkluderar også uføre- og etterlattepensjon om noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareprodukt.     

Aktuelle søkjarar kan/ vil bli innkalla til intervju. Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar, herunder 6 mnd. prøvetid og 2% pensjonsinnskot. Vitnemål og attestar skal takast med ved eit eventuelt intervju. Den som vert tilsett må framvise politiattest av nyare dato.Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarliste. Søkjar vert varsla om dette vert gjort.

Kontaktinformasjon

Josefine Gjerde, Einingsleiar helsetenesta,  Logg inn for å se kontaktinformasjon

Arbeidsstad

Øyna 15

6200 Stranda

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Stranda kommune

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 20.11.2024

Logg inn for å se kontaktinformasjon

Original job Helsetenesta, Stranda kommune posted on GrabJobs ©. To flag any issues with this job please use the Report Job button on GrabJobs.

This job is no longer accepting applications.

Scroll down below to view similar jobs .

icon no cv required No CV Required icon fast interview Fast Interview via Chat

Share this job with your friends

Similar Jobs in Norway

Share this job with your friends

GrabJobs is the no1 job portal in Norway, connecting you to thousands of jobs fast! Find the best jobs in Norway, apply in 1 click and get a job today!

Mobile Apps

Copyright © 2024 Grabjobs Pte.Ltd. All Rights Reserved.