Number of Applicants
:000+
This job is no longer accepting applications.
Scroll down below to view similar jobs .
Sogndal vidaregåande skule er ein stor skule i Vestland med omlag 750 elevar og 130 tilsette. Skulen har for tida 38 klasser fordelt på utdanningsprogramma bygg- og anleggsteknikk, elektrofag, idrettsfag, helse- og oppvekstfag, studiespesialisering, sal, service- og reiseliv, restaurant- og matfag og teknologi- og industrifag. Vi har også landslinje for yrkessjåførar, vaksenopplæring, grunnskuleopplæring for fleirspråklege og ansvar for fengselsundervisning. Lokala våre er nye og moderne og vi held til på Fosshaugane Campus. Vi har godt arbeidsmiljø for dei tilsette og vi legg vekt på å ha gode læringsmiljø for elevane.
For meir informasjon gå til skulen si heimeside:
Frå januar 2025 og ut skuleåret har vi ledig vikarstilling inntil 100 prosent med undervisning i naturfag og matematikk ut skuleåret. Det er aktuelt med undervisning i alle utdanningsprogramma og i grunnskuleopplæring for fleirspråklege. Stillinga kan delast opp, og stillingsstorleiken er avhengig av kva fagkombinasjonar dei aktuelle søkjarane har. Det kan òg vere behov for ringevikarar i engelsk og spansk.
- Relevant fagkompetanse, minimum 60 studiepoeng i faget
- Pedagogisk kompetanse
- Undervisningserfaring frå vidaregåande skule - Kunne bruke digitale verktøy og ha god IKT-forståing - God kjennskap til bruk av digitale læremiddel
Søkjarar utan formell undervisningskompetanse kan tilsetjast på villkår om å fullføre slik utdanning innan 3 år.
- Evne til å motivere og bygge gode relasjonar
- Sjølvstendig, samtidig som du kan samarbeid med andre
- Raus, romsleg og fleksibel
- Eit aktivt og stimulerande fagmiljø
- Nært samarbeid med kollegaer
- Løn etter avtale - Gode pensjons- og forsikringsordningar - Fylkeskommunale tilsetjingsvilkår Andre opplysningar- Den som blir tilsett må legge fram godkjent politiattest, jf opplæringslova § 10-9- Administrasjonsspråket i fylkeskommunen er nynorsk- Alle nytilsette har ei prøvetid på seks månader- Søknad med fullstendig CV skal sendast elektronisk- Vitnemål og attestar skal leggast fram ved eit eventuelt intervju
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren blir offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på den offentlege søkjarlista. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort
Jorunn Felde, rektor , Logg inn for å se kontaktinformasjon
Lunnamyri 2
6856 Sogndal
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 18.11.2024
Logg inn for å se kontaktinformasjonThis job is no longer accepting applications.
Scroll down below to view similar jobs .
Share this job with your friends
Share this job with your friends
Copyright © 2024 Grabjobs Pte.Ltd. All Rights Reserved.