P

Statens vegvesen

icon briefcase Job Type : Full Time

Number of Applicants

 : 

000+

Click to reveal the number of candidates who applied for this job.
icon loader
icon loader

This job is no longer accepting applications.

Scroll down below to view similar jobs .

Job Description - Statens vegvesen

Om stillinga

Drift og vedlikehald, Plan og utbygging midt, søkjer etter 2 planleggingsleiarar til ei fast stilling og eit vikariat inntil 1 år med moglegheit for forlenging. 

Fast stilling:

Planleggingsleiar med kompetanse på trafikktryggleik er eit nyoppretta arbeidsområde i seksjonen. Stillinga vil ha hovudområde på trafikktryggleik, men også andre oppgåver innanfor planlegging/prosjekteringsoppgåver kan vere aktuelt. 

Vikariat:

Her styrer og leier planleggingsleiar ordinære prosjekt. 

Stillingane inneber ikkje personalansvar og kontorstad vil vere Molde, Steinkjer eller Ålesund.

Arbeidsoppgåver:

  • styre og leie tverrfaglege prosjektgrupper og følgje opp i tråd med prosjektplanar
  • bestille og gjere faglege vurderingar på tiltak både etter TS-inspeksjonar og i andre prosjekt i avdelinga
  • bidra i trafikktryggleiksarbeid på tvers i avdelinga og i utvikling av TS-inspeksjon applikasjonen

Kompetansekrav

Vi ser etter deg som har utdanning frå universitet eller høgskule minimum 3 år. Omfattande og relevant erfaring innanfor dei aktuelle fagområda kan kompensere for manglande formell utdanning. 

Du må vere god til å formulere deg skriftleg og muntleg på norsk og ha nødvendig digital kompetanse.

Det vil vere ein fordel om du har

  • kompetanse innanfor fagområda trafikktryggleik, vegplanlegging, vegbygging, trafikkplanlegging og trafikkteknikk 
  • kunnskap om planlegging/prosjektering etter plan- og bygningslova og erfaring som planleggings/ prosjekteringsleiar 
  • erfaring med leiing av tverrfaglege prosjektgrupper

Vi legg vekt på at du

  • samarbeider godt med andre, deler kunnskap og bidreg til utvikling innanfor fagområdet og i avdelinga 
  • har fokus på fokus på framdrift, økonomi og gjennomføring av tiltak
  • er trygg og komfortabel med bruk av digitale verktøy i arbeidshverdagen

Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av papira dine og godkjenning frå HKDIR (

Kvifor skal du velja oss?

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Du påverkar samfunnsutviklinga og får bidra til framtidsretta løysingar på ditt fagfelt. Vi gir deg ansvarsfulle oppgåver og du vil få utvikle deg, både fagleg og personleg, i takt med nye utfordringar i samfunnet. Vi tek godt i mot deg, og du blir ein del av eit fellesskap med godt arbeidsmiljø i heile landet.

Vi tilbyr deg også desse goda:

  • fleksitid og gode ordningar for å avspasere
  • god pensjonsordning og moglegheiter for lån i Statens pensjonskasse
  • moglegheit for trening i arbeidstida eller støtte til treningsaktivitet
  • gode moglegheiter for fagleg påfyll

Lønn blir avtalt i samsvar med lønnspolitikken vår.

Krav til søknaden

Fyll ut felta "Utdanning" og "Arbeidserfaring" og last opp relevante vitnemål og eventuelle attestar.

Positiv særbehandling

Statens vegvesen verdset mangfald og ønskjer ein inkluderande arbeidsplass. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkja. Kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn vil få moglegheit for positiv særbehandling. Les meir om positiv særbehandling på arbeidsgivarportalen.

Søkjarlista er offentleg

Dersom du ynskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast. Viss vi ikkje kan ta ynsket ditt til følgje, tek vi kontakt med deg.

Har du spørsmål om stillinga?

Kontakt leiar Anni Kari Pedersen på [email protected] eller telefon tlf. 90524355.

Original job Statens vegvesen posted on GrabJobs ©. To flag any issues with this job please use the Report Job button on GrabJobs.

This job is no longer accepting applications.

Scroll down below to view similar jobs .

icon no cv required No CV Required icon fast interview Fast Interview via Chat

Share this job with your friends

Similar Jobs in Norway

Share this job with your friends

GrabJobs is the no1 job portal in Norway, connecting you to thousands of jobs fast! Find the best jobs in Norway, apply in 1 click and get a job today!

Mobile Apps

Copyright © 2024 Grabjobs Pte.Ltd. All Rights Reserved.