M

Voss herad Barnehage

icon briefcase Job Type : Full Time

Number of Applicants

 : 

000+

Click to reveal the number of candidates who applied for this job.
icon loader
icon loader

This job is no longer accepting applications.

Scroll down below to view similar jobs .

Job Description - Voss herad Barnehage

 Om vossabarnehagane:

Det er 11 kommunale barnehagar i heradet. I vossabarnehagane er me opptekne av å skapa kvalitet og gode relasjonar i møte med barn, foreldre og tilsette. Du kan lesa meir om den enkelte barnehage på Voss herad si heimeside:  Logg inn for å se kontaktinformasjon

Vossabarnehagane arbeider kontinuerleg for å vidareutvikla den gode barnehage og me har mange engasjerte og dyktige tilsette.

Voss herad tilbyr:

  • Rekrutteringstillegg kr 20 000 for søkjarar med fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget som får 100 % stilling i Hauge, Tueteigen, Evanger og Bolstad barnehage. Endrar du tenestestad til anna barnehage enn Hauge, Tueteigen, Evanger og Bolstad fylgjer ikkje rekrutteringstillegg med.
  • Gode vilkår for fagleg utvikling
  • Eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
  • Yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Gode pensjonsordningar
  • Løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår

 Tilsetjingsprosess:

  • Dette er ei felles lysing for alle kommunale barnehagar i Voss herad
  • Me har ledige stillingar, både faste og mellombelse
  • Tilsetjing skjer fortløpande i perioden 

Søkjer du arbeid hjå oss og har ein partnar som gjer det same, finn du mange og spanande stillingar i Voss herad her.  Logg inn for å se kontaktinformasjon

Kvalifikasjonskrav:

  • Fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget.
  • Andre søkjarar med relevant erfaring vil også bli vurdert.

Arbeidsoppgåver:

  • Planlegga og gjennomføra leikar og aktivitetar
  • Delta ved daglege gjeremål som måltid, påkleding og stell
  • Vera ein god og varm vaksen og bidra til at barn får rike og varierte opplevingar, erfaringar og utfordringar i barnehagen

Me ynskjer at

  • Du er ein tydleg vaksenperson med gode evner til å gje omsorg
  • Du har fokus på det beste for barna, er samarbeidsvillig og kan jobba sjølvstendig
  • Du skapar gode og nære relasjonar med barn, foreldre og tilsette
  • Du er utviklingsorientert, engasjert, fleksibel, og løysingsorientert
  • Du er blid, omgjengeleg og ein god lagspelar

Menn blir oppmoda om å søkja

Godkjent politiattest må leggjast fram ved oppstart

Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.

Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.

 Ver venleg og legg ved vitnemål og attestar i søknaden

Link til søknadsskjema:

Logg inn for å se kontaktinformasjon Epost: Logg inn for å se kontaktinformasjon Logg inn for å se kontaktinformasjon

Original job Voss herad Barnehage posted on GrabJobs ©. To flag any issues with this job please use the Report Job button on GrabJobs.

This job is no longer accepting applications.

Scroll down below to view similar jobs .

icon no cv required No CV Required icon fast interview Fast Interview via Chat

Share this job with your friends

Similar Jobs in Norway

Share this job with your friends

GrabJobs is the no1 job portal in Norway, connecting you to thousands of jobs fast! Find the best jobs in Norway, apply in 1 click and get a job today!

Mobile Apps

Copyright © 2024 Grabjobs Pte.Ltd. All Rights Reserved.