S

Voss sjukehus/ Medisinsk seksjon, Helse Bergen

icon briefcase Job Type : Full Time

Number of Applicants

 : 

000+

Click to reveal the number of candidates who applied for this job.
icon loader
icon loader

This job is no longer accepting applications.

Scroll down below to view similar jobs .

Job Description - Voss sjukehus/ Medisinsk seksjon, Helse Bergen

Me treng fleire dyktige og engasjerte sjukepleiarar Medisinsk seksjon  har ein generell indremedisinsk sengepost med 20 heildøgnsplassar. Her møter du mange ulike profesjonar. Me behandlar pasientar med ulike diagnosar - til dømes hjarte, lunge, nyre, infeksjonar, diabetes og kreft. Me har nært samarbeid med andre seksjonar på  sjukehuset, Haukeland Universitetssjukehus og kommunale tenester.

Medisinsk sengepost er ei aktiv avdeling med varierte arbeidsoppgåver, godt arbeidsmiljø og høg fagleg kompetanse. Dersom du ynskjer å opparbeide deg brei og solid erfaring, samt god kompetanse innafor fleire spennande fagområde, søk jobb hjå oss!   

Medisinsk avdeling har behov for sjukepleiar i 3-delt turnus og kvar 3. helg. Tilsetjing etter nærare avtale.  Søkjarar som av ulike årsaker ønskjer redusert stilling vert og oppmoda til å søkje.  KARRIEREUTVIKLING
Voss sjukehus tilbyr eit spanande fagmiljø med moglegheit for etter- og vidareutdanning innan ulike fagfelt, til dømes jordmor, operasjon, intensiv og akuttsjukepleie.

OM SJUKEHUSET
Voss sjukehus har akuttberedskap innan indremedisin, kirurgi og ortopedi, føde- og gynekologi. Opptaksområdet er på om lag 30.000 innbyggjarar. I tillegg kjem det pasientar frå randkommunane.

OM VOSS Voss har flott natur som gjev særs gode høve til naturopplevingar og aktivitetar for born og vaksne innan ei heil mengd ulike idrettar. Ekstremsportsmiljøet er viden kjent gjennom Ekstremsportsveko, som vert arrangert kvart år. Nord-Europas mest moderne gondolbane ligg nokre steinkast frå sjukehuset. Kulturlivet er rikt og variert, og det er eit godt utbygd skuletilbod. Det er god kommunikasjon vestover til Bergen/ Flesland og austover til Oslo.

Arbeidsoppgåver

  • Medikamenthandtering
  • Yte omsorg for pasient og pårørande
  • Observasjon og oppfølging av inneliggjande pasientar
  • Kontakt med pasient og pårørande
  • Teamarbeid med andre yrkesgrupper for beste pasientbehandling

Kvalifikasjonar

Du må:

  • Ha norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Meistre norsk skriftleg og munnleg 

Personlege eigenskapar

Vi søkjer deg som:

  • Bidreg positivt fagleg og kollegialt
  • Verdset å halde deg fagleg oppdatert
  • Har pasienten i fokus
  • Evner å arbeide sjølvstendig samstundes som at du er ein god lagspelar i team
  • Er strukturert og tek ansvar
  • Har gode kommunikasjonsevner
  • Er tilpassingsdyktig og fleksibel

Vi tilbyr

  • Ein arbeidsplass med høg fagleg standard
  • Eit tverrfagleg arbeidsmiljø med fokus på fagleg og personleg utvikling
  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Sissel Marie Finne, Assisterande seksjonsleiar,  Logg inn for å se kontaktinformasjon

Linn Christine Zwartjes De Wolfe, Seksjonsleiar,  Logg inn for å se kontaktinformasjon

Arbeidsstad

Sjukehusvegen 16

5700 Voss

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 25.11.2024

Logg inn for å se kontaktinformasjon

Original job Voss sjukehus/ Medisinsk seksjon, Helse Bergen posted on GrabJobs ©. To flag any issues with this job please use the Report Job button on GrabJobs.

This job is no longer accepting applications.

Scroll down below to view similar jobs .

icon no cv required No CV Required icon fast interview Fast Interview via Chat

Share this job with your friends

Similar Jobs in Norway

Share this job with your friends

GrabJobs is the no1 job portal in Norway, connecting you to thousands of jobs fast! Find the best jobs in Norway, apply in 1 click and get a job today!

Mobile Apps

Copyright © 2024 Grabjobs Pte.Ltd. All Rights Reserved.