Number of Applicants
:000+
This job is no longer accepting applications.
Scroll down below to view similar jobs .
Tranevågen ungdomsskule ligg på Ågotnes midt i Øygarden kommune. Skulen har i underkant av 400 elevar, og har omtrent 60 tilsette. Tranevågen har eit innføringstilbod for minoritetsspråklege elevar og har ei lita avdeling som arbeider spesielt med elevar med ekstraordinære behov.
Tranevågen ungdomsskule legg vekt på at alle elevar og tilsette skal oppleve meistring og vekst. Skulen har derfor over lengre tid vore kjend for å ha eit godt arbeidsmiljø, og trivselen har vore god blant elevane.
Leiarteamet består av kontorkonsulent, tre avdelingsleiarar og rektor. Vi er opptatt av god samhandling i alle ledd, der ein drar nytte av kvarandre sine styrkar.
For tida som kjem må vi arbeide førebyggjande opp mot elevar som har ulike utfordringar og treng ei anna tilnærming til skulekvardagen enn fleirtalet av dei andre elevane. Vi søker no etter ein miljørettleiar i 100% frå snarast.
Menn oppmodast til å søke stillinga
Martha Helen Listou
Rektor, Tranevågen ungdomsskule
Tlf.: Logg inn for å se kontaktinformasjon / Logg inn for å se kontaktinformasjon
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Link til søknadsskjema:
Logg inn for å se kontaktinformasjon Logg inn for å se kontaktinformasjon Logg inn for å se kontaktinformasjonThis job is no longer accepting applications.
Scroll down below to view similar jobs .
Share this job with your friends
Share this job with your friends
Copyright © 2024 Grabjobs Pte.Ltd. All Rights Reserved.