H

Kvam heimeteneste

icon briefcase Job Type : Part-Time

Number of Applicants

 : 

000+

Click to reveal the number of candidates who applied for this job.
icon loader
icon loader

This job is no longer accepting applications.

Scroll down below to view similar jobs .

Job Description - Kvam heimeteneste

Er du vår nye kollega?

Me søkjer deg som vil ha meiningsfulle dagar på jobb, til ledig 75 % fast stilling som helsefagarbeidar og ledig 80 % vikariat fram til mars 2025 med moglegheit for forlenging.

Stillingane er ledige frå snarast og har turnus med arbeid kvar 3. helg.

  • Kvam heimeteneste gjev heimesjukepleie og praktisk bistand til heimebuande frå Kjepso til Ljones. Tenesta er i utvikling og me har fokus på styrking av kapasitet og kompetanse for å møte nye utfordringar.
  • Målet er at det å bu i eigen heim skal vera eit reelt alternativ til tenester høgare oppe i omsorgstrappa. 

Kvam heimeteneste er organisert under Tenester til heimebuande saman med korttidsavdelinga, hjelpemiddellager og dagaktivitetstilbod. Me har og eit nært samarbeid med andre grupper i pleie og omsorg. 

Vil du vite meir om heimetenesta følg lenke:

Arbeidsoppgåver

  • Pleie og omsorg og praktisk bistand i heimetenesta
  • Bidra til å halda høg fagleg kvalitet på tenestene våre
  • Sikra dokumentasjon i elektronisk journalsystem

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar  
  • God norskkunnskap munnleg og skriftleg, tilsvarande B2
  • Sertifikat kl B

Alle som yter tenester etter Helse og omsorgslova skal levera politiattest. Den som vert tilsett må derfor legga fram politiattest av ny dato, denne skal ikkje leggast ved søknaden. 
Ber om at du legg inn vitnemål og attestar saman med søknaden i Webcruiter.

Personlege eigenskapar

  • du må kunne arbeida sjølvstendig
  • gode samarbeidsevner
  • gode kommunikasjonsevner
  • har god arbeidskapasitet
  • bidra til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Variert arbeidskvardag 
  • Godt samarbeid med gode kollegaer i eit godt arbeidsmiljø
  • Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
  • Gode pensjons-/og forsikringsordningar

Generell informasjon:
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn.

Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta.

Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.

Kontaktinformasjon

Annelin Aga, Gruppeleiar Kvam heimeteneste,  Logg inn for å se kontaktinformasjon

Arbeidsstad

Nedre Norheim 44

5600 Norheimsund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Kvam herad

Stillingsprosent: 80, 75%

Vikar, Fast

Søknadsfrist: 25.11.2024

Logg inn for å se kontaktinformasjon

Original job Kvam heimeteneste posted on GrabJobs ©. To flag any issues with this job please use the Report Job button on GrabJobs.

This job is no longer accepting applications.

Scroll down below to view similar jobs .

icon no cv required No CV Required icon fast interview Fast Interview via Chat

Share this job with your friends

Similar Jobs in Norway

Share this job with your friends

GrabJobs is the no1 job portal in Norway, connecting you to thousands of jobs fast! Find the best jobs in Norway, apply in 1 click and get a job today!

Mobile Apps

Copyright © 2024 Grabjobs Pte.Ltd. All Rights Reserved.