T

Osterøy kommune

icon briefcase Job Type : Part-Time

Number of Applicants

 : 

000+

Click to reveal the number of candidates who applied for this job.
icon loader
icon loader

This job is no longer accepting applications.

Scroll down below to view similar jobs .

Job Description - Osterøy kommune

Om stillinga

Dei kommunale barnehagane på Osterøy søkjer engasjerte og fleksible tilkallingsvikarar.  Som vikar i barnehage er du viktig for barna og kollegaene dine. Vi treng deg som er ein trygg vaksen, som kan engasjere deg i leiken til barna og leggje til rette for god leik og gode aktivitetar - både ute og inne! 

På ein vanleg arbeidsdag er det nokre praktiske oppgåver som også må gjerast. 

I barnehagen er vi ute i all slags vær og synast det er kjekt! 

Vi tilbyr

  • at du får bli ein del av eit godt arbeidsmiljø! 
  • du får opplæring og rettleiing i barnehagen du skal arbeide 
  • ein personleg og fagleg utviklande jobb. Barna er ulike og vi utviklar oss både personleg og fagleg for å møte deira behov
  • løn etter gjeldande avtaleverk. 
  • Er du høgskulestudent i pedagogiske fag får du tilbod om lønsauke etter fullført 2. året! 
  • du får ein variert arbeidsdag med mykje kjekke kollegaer!

Sjå gjerne video frå Osterøy kommune her om du vil bli betre kjent med oss: 

Kvalifikasjonskrav

Me ser etter deg som først og fremst ikkje kvir deg for å møte ei utfordring og som raskt set deg inn i nye arbeidsoppgåver eller nye arbeidsmiljø. Vi ønskjer at du skal ta initiativ og vise engasjement i arbeidet ditt. Du bør snakke og forstå norsk godt då det er mykje sosialt arbeid. 

Du må leggje fram politiattest dersom du får tilbod om stilling hjå oss. Politiattesten kan ikkje vere eldre enn 3 månadar, og den må vere heimla i barnehagelova §30. 

Vi ser at det er ein fordel om du har arbeida i barnehage eller med barn og unge før, men dette er absolutt ikkje eit krav. Hos oss er du velkomen til å prøve og du vil gå god støtte og hjelp av kollegaer uavhengig av bakgrunn.

Verkar dette interessant?

Vi har både behov for vikarar som kan starte å arbeide snarast, men det vil og vere behov som gjerne oppstår etter ei tid. 

Om du ønskjer å arbeide mykje eller lite og i ein eller fleire barnehagar kan vi bli einige om utfrå kva behova er til dei ulike barnehagane. Ta gjerne kontakt med koordinator for vikarpoolen vår ved å søkje på denne utlysinga, fortel kven du er og kvifor du har lyst til å arbeide i barnehage, så avtalar de ein tid for samtale og vegen vidare. 

Epost: Logg inn for å se kontaktinformasjon Logg inn for å se kontaktinformasjon

Original job Osterøy kommune posted on GrabJobs ©. To flag any issues with this job please use the Report Job button on GrabJobs.

This job is no longer accepting applications.

Scroll down below to view similar jobs .

icon no cv required No CV Required icon fast interview Fast Interview via Chat

Share this job with your friends

Similar Jobs in Norway

Share this job with your friends

GrabJobs is the no1 job portal in Norway, connecting you to thousands of jobs fast! Find the best jobs in Norway, apply in 1 click and get a job today!

Mobile Apps

Copyright © 2024 Grabjobs Pte.Ltd. All Rights Reserved.