L

Suldal kommune Vanvik oppvekstsenter, avd barnehage

icon briefcase Job Type : Part-Time

Number of Applicants

 : 

000+

Click to reveal the number of candidates who applied for this job.
icon loader
icon loader Fast Apply

Job Description - Suldal kommune Vanvik oppvekstsenter, avd barnehage

Om tenestestaden

Vanvik oppvekstsenter har ein lavvo plassert i fint skog- og leikeområde nær barnehagen, og har elles lett tilgang til fine turar i naturen. Det er kort avstand til både skog og strand.

Vanvik oppvekstsenter avd. barnehage har ledig 60% vikariat som pedagogisk leiar frå og med 01.01.25 til og med 31.05.25 med moglegheit til forlenga til nytt barnehageår.

Arbeidsoppgåver

Er du utdanna barnehagelærar og trivst med å jakta på dei små og store magiske stundene i lag med borna?  Likar du å by på deg sjølv, er motiverande for kollegane dine og oppteken av kvalitet?  Då er det deg me er på leit etter.

Jobben din vil blandt anna innebera:

  • Leiing og organisering på avdelingsnivå, i samsvar med mål og strategiar.
  • Møtedeltaking.
  • Ansvar for utvikling av barnehagen, fagleg og kvalitativt.
  • Rettleiing av det pedagogiske personalet på avdelinga.
  • Samarbeid med ulike instansar.
  • Ansvar for vurdering og dokumentering.

Kvalifikasjonar

Pedagogisk leiar og barnehagelærar må ha utdanning som barnehagelærar/førskulelærar eller annan treårig pedagogisk høgskuleutdanning med vidareutdanning innan barnehagepedagogikk.

Personlege eigenskapar

Me søkjer deg som er:

  • Deg - men gir plass til andre slik at dei blir seg.
  • Oppteknen av å søkje kunnskap i lag med barn.
  • Bidreg til eit positivt læringsmiljø.
  • Har ein ekte motivasjon for å arbeide med barn.
  • Tilstadevarande og fagleg interessert.

I tillegg ønskjer me at du har:

  • Eit positivt menneskesyn
  • evne til å gi barn omsorg og trygge relasjonar.
  • evne til å inspirera og motivera kollegane dine.
  • Evne til å jobba målretta og likar å sjå resultat av jobben din.
  • Erfaring frå arbeid i barnehage.
  • Gode norskkunnskapar.

Hos oss i Suldal kommune får du

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • Engasjerte og dyktige kollegaer
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Bedriftshelseteneste
  • Løn- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk
  • Nynorsk som administrasjonsspråk

Andre opplysningar:

  • Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju
  • Det er krav om godkjend politiattest etter gjeldande lovverk ved tiltrede. Attesten kan ikkje vere eldre enn tre månadar
  • Kontaktinformasjon for stillinga finn du til høgre for annonsa
  • Kommunen følgjer offentlighetslova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarliste

Slik søkjer du

  • Me ber om at du søkjer elektronisk. Klikk på «send søknad» og følg vidare instruksjonar.
  • Du kan logge inn via ID-porten, med brukarnamn og passord, via Facebook-profil eller søkje utan å logge inn. Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista.
  • Me ber om at du legg ved attestar og vitnemål i søknaden. Om du ikkje har dei elektronisk kan dei takast med til intervju.
  • Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte kommunen via sentralbordet på tlf Logg inn for å se kontaktinformasjon

Velkomen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg.

Link til søknadsskjema: Logg inn for å se kontaktinformasjon

Epost: Logg inn for å se kontaktinformasjon Logg inn for å se kontaktinformasjon

Original job Suldal kommune Vanvik oppvekstsenter, avd barnehage posted on GrabJobs ©. To flag any issues with this job please use the Report Job button on GrabJobs.
icon no cv required No CV Required icon fast interview Fast Interview via Chat

Share this job with your friends

Similar Jobs in Norway

Share this job with your friends

GrabJobs is the no1 job portal in Norway, connecting you to thousands of jobs fast! Find the best jobs in Norway, apply in 1 click and get a job today!

Mobile Apps

Copyright © 2024 Grabjobs Pte.Ltd. All Rights Reserved.