U

Universitetet i Bergen

icon briefcase Job Type : Part-Time

Number of Applicants

 : 

000+

Click to reveal the number of candidates who applied for this job.
icon loader
icon loader

This job is no longer accepting applications.

Scroll down below to view similar jobs .

Job Description - Universitetet i Bergen

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Universitetslektor

Institutt for klinisk psykologi, Det psykologiske fakultet, har to ledige ekstraerverv (for ein åremålsperiode på to år) som universitetslektor (20 %) i klinisk psykologi. Startdato for desse stillingane er 1. januar 2025 

Instituttet har forsking og undervising innanfor kjerneområda i klinisk psykologi. Desse er grunnlaget når psykologar utøver yrket sitt i helsevesenet, innanfor både spesialisthelseteneste, førstelinje og lågterskeltilbod. Instituttet si forsking og kompetanse omfattar utgreiing og behandling av eit breitt spekter av psykiske lidingar. Instituttet skal utvikle og formidle kunnskap innanfor dei sentrale områda i evidensbasert, psykologisk behandling. Vidare har instituttet kompetanse om korleis ein kan gje slik behandling til alle aldersgrupper og innanfor ei breidde av sosiokulturelle kontekstar. 

Ved Institutt for klinisk psykologi er det ein opplæringsklinikk som gjev studentane i profesjonsstudiet i psykologi opplæring i grunnleggande kliniske ferdigheiter som psykolog. Behandling blir gjennomført av psykologistudentar under rettleiing av psykologspesialist. Klinikken har over fleire tiår knytt til seg rettleiarar i førebels 20 % stillingar. 

Vi leitar etter psykologspesialistar med engasjement for utdanning av framtidas psykologar. Som universitetslektor ved Institutt for klinisk psykologi vil du jobbe tett og klinikknært med opplæring av studentar i klinisk psykologi. Hovudvekta av arbeidet i stillinga vil innebere opplæring og rettleiing av studentar i det å utgreie, planleggje og gjennomføre psykologisk behandling. Dei som vert tilsett vil vere sentral i studentanes utvikling som psykologar, og vil rettleie studentane gjennom deira internkliniske praksis. Vi har eit arbeidsmiljø som er prega av stor individuell friheit, og oppgåvene blir løyst gjennom samarbeid og dialog.

Arbeidsoppgåver:

Stillingane er knytt til undervising ved Institutt for klinisk psykologi, og spesielt knytt til ei av behandlingsseksjonane ved Psykologisk universitetspoliklinikk: Seksjon for barn og ungdom I og II, Seksjon for unge og vaksne eller Seksjon for vaksne og eldre. 

Konkrete arbeidsoppgåver vil mellom anna vere: 

  • rettleiing av studentar innanfor internklinisk opplæring. Her inngår også direkte pasientkontakt og behandlingsansvar for pasientane studentane behandlar 
  • deltaking i seksjonsmøter, rettleiarmøter og kasuspresentasjonar 
  • ta hand om og vidareutvikle Psykologisk universitetspoliklinikk sitt kvalitetssikringssystem 
  • delta på og vere med å utvikle forskingsprosjekt knytt til Psykologisk universitetspoliklinikk 
  • oppgåverettleiing og sensur på instituttet sine undervisingsemne 
  • undervising i klinisk psykologi  
  • administrative oppgåve

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • søkjar må ha autorisasjon som psykolog i Noreg eller fylle krava til slik autorisasjon på søknadstidspunktet 
  • søkjar må vere ferdig utdanna psykologspesialist eller ha tilsvarande praksiserfaring og kompetanse på søknadstidspunktet 
  • erfaring frå spesialisthelsetenesta vil bli vektlagt 
  • tidlegare erfaring frå rettleiing av studentar i klinisk praksis vil vere ein føremon. Annan rettleiarutdanning og relevant praktisk-pedagogisk kompetanse på grunnlag av utdanning eller undervising vil óg vege tungt. 
  • søkjer må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert 
  • søkjar må ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner og må samarbeide godt med både kollegaer og studentar 
  • søkjar må meistre norsk munnleg og skriftleg 
  • personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil bli vektlagt

Krav for tilsetjing i stilling som universitetslektor går fram av forskrift til universitetets- og høyskoleloven. Forskrifta kan du lese Logg inn for å se kontaktinformasjon . 

Tilsetjing skjer med atterhald om endringar i fagområde og arbeidsoppgåver som arbeidsgjevar måtte bestemme.

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
  • Faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
  • Universitetslektor/psykologspesialist (kode 1009) får ei bruttolønn på kr 692 400 (svarar til lønssteg 70)
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse 
  • Gode  Logg inn for å se kontaktinformasjon

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om din motivasjon for å søkje stillinga
  • CV
  • Vitnemål, autorisasjon, attestar og pedagogiske kvalifikasjonar 
  • Liste over klinisk erfaring og kompetanse 
  • Eventuell publikasjonsliste 
  • Liste med vedlegg som dokumenterer dine pedagogiske kvalifikasjonar. 
  • To referansar (namn og kontaktinformasjon)

Vi gjer merksam på at søknadar vert vurderte med den informasjon og dei vedlegg som er lagt inn i JobbNorge når søknadsfristen går ut. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at all informasjon er lagt inn innan fristen

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan du få ved å vende deg til: Instituttleiar Reidar Jakobsen, Logg inn for å se kontaktinformasjon

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen Logg inn for å se kontaktinformasjon .

Epost: Logg inn for å se kontaktinformasjon Logg inn for å se kontaktinformasjon

Original job Universitetet i Bergen posted on GrabJobs ©. To flag any issues with this job please use the Report Job button on GrabJobs.

This job is no longer accepting applications.

Scroll down below to view similar jobs .

icon no cv required No CV Required icon fast interview Fast Interview via Chat

Share this job with your friends

Similar Jobs in Norway

Share this job with your friends

GrabJobs is the no1 job portal in Norway, connecting you to thousands of jobs fast! Find the best jobs in Norway, apply in 1 click and get a job today!

Mobile Apps

Copyright © 2024 Grabjobs Pte.Ltd. All Rights Reserved.