Number of Applicants
:000+
Hospitaldrift er ei av avdelingane i Drift/teknisk Divisjon i Helse Bergen HF, og leverer ikkje-medisinske tenester og -produkt til føretaket. Hospitaldrift leverer forsyningstenester og varemottak, pasienttransport og andre interne transporttenester, mat til pasientar, pårørande og tilsette, reine tekstilar og senger, dagleg reinhald og andre reinhaldstenester, tryggleikstenester og sentralbordtenester. Hospitaldrift har 7 einingar og ca. 750 medarbeidarar. Hospitaldrift telefoni er ei av einingane i Hospitaldrift, og har ansvar for sentralbordet i Helse Bergen. Vi har ledig 100% sommarvikariat som sekretær i perioden 05.06. til 18.08.2024.
Mangfaldserklæring
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.
Frode Hamre, Einingsleiar, Logg inn for å se kontaktinformasjon
Haukelandsveien 22
5021 Bergen
Arbeidsgivar: Helse Bergen
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 05.06.2024
Sluttdato: 18.08.2024
Søknadsfrist: 06.05.2024
Logg inn for å se kontaktinformasjonShare this job with your friends
Copyright © 2024 Grabjobs Pte.Ltd. All Rights Reserved.