Leiar psykisk helse og rus/frisklivssentral

icon briefcase Job Type : Full Time

Number of Applicants

 : 

000+

Click to reveal the number of candidates who applied for this job.

Job Description - Leiar psykisk helse og rus/frisklivssentral

Solund kommune har ledig 100 % fast stilling som kombinert leiar for psykisk helse og rus og leiar av Frisklivssentralen, fordelt med ca. 50/50 % på kvart tenesteområde.

Ei stilling med gode kollegaer og eit godt leiarteam rundt. Stillinga har stor grad av sjølvstende og det er gode mogelegheiter til å påverke drifta av tenestene. Ein har kontor i same bygg som alle andre helsetenester i Solund.

Velkommen til oss!

Psykisk helse og rus:

Tenesta gjev tilbod etter lov om kommunale helse- og omsorgstenester til personar med psykiske helse og/eller rusrelaterte vanskar.

Som leiar for tenesta har ein personalansvar, men er også sjølv utøvande i tenesta.

Tenesta er eit lågterskeltilbod som arbeidar både førebyggjande og gjev målretta behandling/oppfølging. Målgruppa er brukarar med langvarige moderate til alvorlege vanskar eller kortvarige alvorlege vanskar.

Tenesta arbeidar tett med andre tenester, som heimeteneste, forvaltningskontor, NAV, spesialisthelsetenesta, kultur og frivillige.

Frisklivssentral:

Tenesta er eit lågterskeltilbod som skal fremje fysisk og psykisk helse og førebyggje utvikling av livsstilssjukdommar. Målgruppa er innbyggjarar som står i fare for å utvikle, eller som allereie har utvikla livsstilssjukdommar.

Frisklivssentralen arbeidar etter Helsedirektoratets rettleiar for frisklivssentraler.

Tilboda består av rettleiing/oppfølging innan fysisk aktivitet, kosthald, søvn og bruk av snus/røyk, samt rettleiing av fysisk aktivitet individuelt og i grupper.

Brukarens motivasjon for endring av levevaner står i fokus, og Motiverande Intervju er difor eit sentralt samtaleverktøy.

Arbeidsoppgåver:

  • Leie og vidareutvikle den faglege tenesta i samsvar med gjeldande lovverk og nasjonale føringar
  • Rapportering, oppfølging og utarbeiding av aktuelle planar
  • Miljøretta oppfølging av brukarar i psykisk helse og rustenesta
  • Rettleiing innan levevaner, og rettleiing av fysisk aktivitet i grupper/individuelt
  • Ansvar for drift av tenestene, inkl. økonomiansvar og administrative oppgåver
  • Leggje til rette for tverrfagleg samhandling og samhandling både internt og eksternt
  • Samhandle med aktuelle aktørar og frivillige for utvikling av tenesta
  • Andre oppgåver kan kome til ut frå kvalifikasjonar og erfaring

Kvalifikasjonar:

  • Krav om helse/sosialfagleg høgare utdanning
  • Kjennskap til relevant lovverk og nasjonale føringar
  • Må beherske norsk skriftleg og munnleg.
  • Førarkort klasse B
  • Det er ønskeleg med erfaring/utdanning innan psykisk helse og/eller rus.

Vi tilbyr:

  • Sterkt tverrfagleg miljø
  • Løn etter avtale
  • Hjelp til å skaffe bustad
  • Flyttegodtgjersle
  • Spanande faglege arbeidsoppgåver i nydeleg natur ytst i havet
  • I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre utbetalast i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer frå den dagen du sluttar å jobbe og livet ut.   Les meir om medlemsfordelane i KLP her. 
  • Godt arbeidsmiljø, og eit inkluderande samfunn.

Arbeidstid 08:00–15:30, måndag – fredag.

Vi gjer merksam på at søkjarliste er offentleg informasjon. Du kan be om at namnet vert unnateke offentlegheit, men då må du grunngje dette skriftleg, jf. § 25 i offentleglova. Om kommunen ikkje kan innvilge søknaden, vil du bli varsla før søkjarlista vert ferdigstilt.

Solund kommune har vurdert marknadsføring av stilling, og ynskjer berre kontakt med søkjarar.

Link til søknadsskjema: Søk her Solund er eit øyrike ytst i Sognefjorden. Vi har gode kommunikasjonar til fastlandet, inkl. hurtigbåt til Bergen. Sjøen er ein del av både sjela og landskapet i Solund. Aktivitetar knytt til sjøen er mange og rett utanfor døra, enten det er båtliv, kajakkpadling eller fiske. I nybygde Solund Idrettspark finn du kunstgrasbane, friidrettsanlegg, skatepark, klatrepark, discgolfbane og nytt treningsstudio. Vi har òg idrettshall med symjebasseng, eit aktivt skyttarlag, idrettslag, karateklubb, turlag, skulemusikk, kulturskule og mykje meir. Merka turstiar finn du rundt om i heile kommunen. I Solund investerer vi for framtida. I løpet av dei neste åra skal vi bygge ny ungdomsskule, binde saman kommunen ved å realisere Ytre Steinsund bru og fortsette utbygginga av breiband. Klikk på lenkja for å sjå ei film om det flotte øyriket vårt:
Original job Leiar psykisk helse og rus/frisklivssentral posted on GrabJobs ©. To flag any issues with this job please use the Report Job button on GrabJobs.

Share this job with your friends

icon get direction How to get there?

icon geo-alt Hardbakke

icon get direction How to get there?
View similar Admin / Operations jobs below

Share this job with your friends

GrabJobs is the no1 job portal in Norway, connecting you to thousands of jobs fast! Find the best jobs in Norway, apply in 1 click and get a job today!

Mobile Apps

Copyright © 2024 Grabjobs Pte.Ltd. All Rights Reserved.