Likar du å jobbe med barn ?

icon briefcase Job Type : Full Time

Number of Applicants

 : 

000+

Click to reveal the number of candidates who applied for this job.
icon loader
icon loader

This job is no longer accepting applications.

Scroll down below to view similar jobs .

Job Description - Likar du å jobbe med barn ?

Stølane barnehage ligg i Stølane byggefelt i Erfjord. Me ligg vakkert til med skog og sjø nær til barnehagen. Me har fokus på å bygga gode relasjonar til barn/vaksne og å sjå alle og kva dei treng.

Stølane barnehage har ledig 100% vikariat som pedagogisk leiar/barnehagelærar frå og med 12.08.24 til og med 11.08.25.

A rbeidsoppgåver

Er du utdanna barnehagelærar og trivst med å jakta på dei små og store magiske stundene i lag med borna?  Likar du å by på deg sjølv, er motiverande for kollegane dine og oppteken av kvalitet?  Då er det deg me er på leit etter.

Jobben din vil blandt anna innebera:

  • Leiing og organisering på avdelingsnivå, i samsvar med mål og strategiar.
  • Møtedeltaking.
  • Ansvar for utvikling av barnehagen, fagleg og kvalitativt.
  • Rettleiing av det pedagogiske personalet på avdelinga.
  • Samarbeid med ulike instansar.
  • Ansvar for vurdering og dokumentering.

Kvalifikasjonar

Pedagogisk leiar og barnehagelærar må ha utdanning som barnehagelærar/førskulelærar eller annan treårig pedagogisk høgskuleutdanning med vidareutdanning innan barnehagepedagogikk.
Andre søkjar med relevant utdanning/kompetanse/efaring kan verta vurderte.
Stillinga vert opna opp for at Barne- og ungdomsarbeidar kan søkja, du vil då blir tilsett som barnehagelærar.

Me søkjer deg som er:

  • Deg - men gir plass til andre slik at dei blir seg.
  • Oppteknen av å søkje kunnskap i lag med barn.
  • Bidreg til eit positivt læringsmiljø.
  • Har ein ekte motivasjon for å arbeide med barn.
  • Tilstadevarande og fagleg interessert.

I tillegg ønskjer me at du har:

  • Eit positivt menneskesyn
  • Evne til å gi barn omsorg og trygge relasjonar.
  • Evne til å inspirera og motivera kollegane dine.
  • Evne til å jobba målretta og likar å sjå reultat av jobben din.
  • Erfaring frå arbeid i barnehage.
  • Gode norskkunnskapar.

Hos oss i Suldal kommune får du

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmilj
  • Engasjerte og dyktige kollegaer
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Bedriftshelseteneste
  • Løn- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk
  • Nynorsk som administrasjonsspråk

Andre opplysningar:

  • Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju
  • Det er krav om godkjend politiattest etter gjeldande lovverk ved tiltrede. Attesten kan ikkje vere eldre enn tre månadar
  • Kontaktinformasjon for stillinga finn du til høgre for annonsa
  • Kommunen følg offentlighetslova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarliste

Slik søkjer du

  • Me ber om at du søkjer elektronisk. Klikk på «send søknad» og følg vidare instruksjonar.
  • Du kan logge inn via ID-porten, med brukarnamn og passord, via Facebook-profil eller søkje utan å logge inn. Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista.
  • Me ber om at du legg ved attestar og vitnemål i søknaden. Om du ikkje har dei elektronisk kan dei takast med til intervju.
  • Treng du hjelp, kan du venda deg til Servicetorget på tlf

Velkomen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg.

Link til søknadsskjema: Søk her Velkommen til Skattkammeret Suldal - Rogalands største kommune i areal, og eit levande samfunn rik på naturressursar og kreativ kraft. Me er stolte av å være ein nyskapande arbeidsgjevar. Me omfamnar LEAN-prinsippa for å skapa makalause tenester, og søkjer alltid etter dedikerte medarbeidarar som ønskjer å bli med på reisa vår. Om du søkjer ein meiningsfull karriere, samtidig som du ønskjer eit balansert og aktivt kvardagsliv, er Suldal plassen for deg. Det rike kulturlivet i Suldal gir liv til samfunnet, både i grendene og på vårt aktive kulturhus på Sand. Her ligg også sentralidrettsanlegget med idrettshall, sandhall og Suldal bad. Hos oss finn du dei høgaste toppane i Rogaland, langstrakte vidder, idylliske grender tett på fjorden og 70 km med merka skiløyper i vintersesongen. Utforsk våre ledige stillingar og bli ein del av laget vårt. Velkommen til Suldal kommune – eksotisk, aktiv og trygg!
Original job Likar du å jobbe med barn ? posted on GrabJobs ©. To flag any issues with this job please use the Report Job button on GrabJobs.

This job is no longer accepting applications.

Scroll down below to view similar jobs .

Share this job with your friends

icon get direction How to get there?

icon geo-alt Erfjord

icon get direction How to get there?
View similar Healthcare / Careworkers jobs below

Similar Jobs in Norway

Share this job with your friends

GrabJobs is the no1 job portal in Norway, connecting you to thousands of jobs fast! Find the best jobs in Norway, apply in 1 click and get a job today!

Mobile Apps

Copyright © 2024 Grabjobs Pte.Ltd. All Rights Reserved.