Miljøterapeut - Urgent

icon briefcase Job Type : Full Time

Number of Applicants

 : 

000+

Click to reveal the number of candidates who applied for this job.

Job Description - Miljøterapeut - Urgent

We are on the lookout for a competitive Miljøterapeut to join our growing team at Stavanger akuttsenter - Røyneberg, Bufetat in Sola.
Growing your career as a Full Time Miljøterapeut is an incredible opportunity to develop productive skills.
If you are strong in persuasion, problem-solving and have the right drive for the job, then apply for the position of Miljøterapeut at Stavanger akuttsenter - Røyneberg, Bufetat today!

Vi ser etter deg som har stort engasjement og eit hjarte for ungdom

Ungdomane du skal hjelpe kjem til oss i ei kritisk stund i eiga liv.

Vil du vere med å hjelpe dei?

Vere der for dei når det gjeld som mest?

Gje dei omsorg, varme og tryggleik i timane, dagane og vekene som kjem?

Hvis du finn meining i dette, og har eigenskapane, utdanninga og erfaringa som skal til, kan dette vere rette jobben for deg.

Stavanger akuttsenter, avdeling Røyneberg tek imot ungdom plassert etter lov om barneverntenester §§  4-1 og 4-2/ paragraf 4-12. Vi har totalt plass til 4 ungdomar i alderen 13-18 år.

Ungdomane bur på institusjonen inntil akuttsituasjonen er avklart, med eit mål innan 28 dagar. Opphaldet i institusjonen skal bidra til utgreiing og kartlegging i forhold til eventuelle vidare tiltak. Senteret har 2 institusjonsavdelingar og 79 beredskapsheimar fordelt på to avdelingar; ein i Haugesund og ein i Stavanger. Vi bistår heile Rogaland og tek i mot ca. 350 barn i året.

Det å jobbe i akutten byr på spanande utfordringar, høgt tempo og varierte oppgåver. Vi set kvalitet høgt, har eit godt fagmiljø med eigne arbeidsmodellar, internt opplæringsprogram og eiga fagavdeling. Vi tilbyr gode høve for utvikling, rettleiing, og fagleg oppfølging i eit godt arbeidsmiljø.

Ved Stavanger akuttsenter avdeling Røyneberg er det ledig  3 faste helgestillinger på 20.99% med arbeid hver 3 helg, lørdag og søndag. Stillinga er ledig frå 01.06.23. 

Vi ynskjer ei lik kjønnsfordeling blant tilsette på våre institusjonsavdelingar. På bakgrunn av dette oppmodar vi særskilt menn til å søkje.

Arbeidsoppgåver

  • Målretta fagleg og miljøterapeutisk arbeid i tråd med traumebasert omsorg, senterets retningslinjer og fagleg rettleiar.
  • Motivera og engasjera ungdomane i positive aktivitetar, samt bidra til at bebuarane får delta og oppleva tryggleik og trivsel mens dei bur hos oss.
  • Samarbeid med foreldre/føresette, sosialt nettverk, kommune, inntaksavdeling, skule og andre viktige samarbeidspartnarar rundt den einskilde ungdom.
  • Rapportskriving og anna skriftleg dokumentasjon.
  • Praktiske oppgåver knytt til institusjonsavdeling.
  • Arbeid kvar tredje helg.

Kvalifikasjonar

Krav til stillinga:

  • Fullført 3-årig sosialfagleg høgskuleutdanning (sosionom, barnevernspedagog eller vernepleiar) tilsvarande 180 studiepoeng.
  • Søkjarar med anna relevant bachelorgrad som til dømes sjukepleiar, pedagog, psykolog eller lærar kan vurderast, fortrinnsvis med 60 stp. relevant vidareutdanning.
  • Søkjarar som har påbegynt Bachelorgrad ( sosionom, barnevernspedagog eller vernepleiar) kan vurderast.
  • Krav om god munnleg og skriftleg framstillingsevne.
  • Sjølvstende i skriftleg arbeid og god kunnskap i bruk av dataverktøy i dokumentasjonsarbeid.
  • God fysisk og psykisk helse.
  • Krav om førarkort for personbil kl. B.

Det er ønskjeleg med:

  • Erfaring frå miljøterapeutisk arbeid i barneverninstitusjon og/eller barne- og ungdomspsykiatri.
  • Kjennskap til Rettigheitsforskrifta/Barnevernslova.

Personlege eigenskapar

  • Vi søkjer deg som vert motivert av ansvar, arbeider sjølvstendig, er trygg i vaksenrolla og som kan romme ungdomane og deira behov.
  • Du må ha evne til å oppretthalde ein god struktur, eit fagleg perspektiv og å samarbeide i team.
  • Du er fleksibel og trivst med store utfordringar, og du har evne til hurtig omstilling.
  • For deg er medverknad og samarbeid med familie, nettverk og andre samarbeidspartar ein viktig del av det miljøterapeutiske arbeidet.

For oss er det også svært viktig korleis du som person passar til jobben. Dette vil bli tatt med i den totale vurderinga.

Vi tilbyr

  • Stillinga er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1495 barnevernspedagog, 1494 sosionom, 1489 miljøterapeut eller 1508 vernepleiar: pt kr 435 600 - 563 500 pr. år (ltr. 45-61).
  • Ved relevant vidareutdanning tilsvarande 60 studiepoeng kan det tilsetjast i stillingskode 1510 spesialutdanna barnevernspedagog, 1185 spesialutdanna sosionom, 1509 spesialutdanna vernepleiar, 1534 spesialutdanna miljøterapeut: pt kr 493 700 - 593 500 pr. år (ltr. 53-64), eller 1173 klinisk sosionom eller 1496 klinisk barnevernspedagog: pt kr 501 200 - 593 500 pr. år (ltr. 54-64).
  • Påbegynt studiet innenfor barnevern, sosionom eller vernepleier kan tilsetjast i stillingskode 1488 miljøterapeut, p.t. kr. 412 000 - 471 300 (ltr 41-50).
  • Løn og stillingskode vert vurdert etter utdanning og erfaring. 
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ein god tenestepensjonsordning, moglegheit for bustadlån på konkurransedyktige vilkår, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.

Dessutan kan vi tilby:

  • Gode høve for utvikling, rettleiing, og fagleg oppfølging i eit godt arbeidsmiljø.
  • Eit godt fagmiljø med eigne arbeidsmodellar, internt opplæringsprogram og eiga fagavdeling.
  • Du får vere med på å løfte oss slik at vi kan gi barn og unge og familiar eit enda betre tilbod, og det meiner vi har ein stor verdi i seg sjølv.

Opplysningar til deg som søkjer:

  • Inkludering og mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Derfor ønsker vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søker til å krysse av i jobbsøkerportalen. Er det kvalifiserte søkjarar, kaller vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut riktige kandidatar bruker vi ikkje avkrysningane til noko anna enn anonymisert statistikk.
  • Stillinga er for tida lagt til Stavanger akuttsenter, avd. Røyneberg
  • Politiattest må framleggast ved eventuell tilsetting, jf lov om barnevern § 12-11 andre ledd, og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggast med søknaden.
  • Du kan be om ikkje å bli oppført på den offentlege søkerlista. Dette må i så fall begrunnast. Vi kontakter deg dersom ønsket ditt ikkje takast til følge.

Søknad med CV skal sendast elektronisk via lenke på denne sida.Vitnemål og attester med bekrefta stillingsstorleik og varigheit skal leggjast ved elektronisk som vedlegg i Webcruiter, samt takast med ved eit eventuelt intervju.

Kontaktinformasjon

Monica Gravdal,  Logg inn for å se kontaktinformasjon

Arbeidssted

Marknesringen 48
4052 Røyneberg

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Bufetat Referansenr.: Logg inn for å se kontaktinformasjon 49 Stillingsprosent: 20,99% Fast Søknadsfrist: 28.05.2023 Logg inn for å se kontaktinformasjon

Se stillingsteksten ovenfor for informasjon om hvordan du søker på stillingen. Om du ikke skulle finne denne informasjonen der, besøk firmaets hjemmeside.


Benefits of working as a Miljøterapeut in Sola:


● Company offers great benefits
● Company offers career progression opportunities
● Competitive salary
Original job Miljøterapeut - Urgent posted on GrabJobs ©. To flag any issues with this job please use the Report Job button on GrabJobs.

Share this job with your friends

View similar Healthcare / Careworkers jobs below

Similar Jobs in Norway

Share this job with your friends

GrabJobs is the no1 job portal in Norway, connecting you to thousands of jobs fast! Find the best jobs in Norway, apply in 1 click and get a job today!

Mobile Apps

Copyright © 2024 Grabjobs Pte.Ltd. All Rights Reserved.