Personleg assistent

icon briefcase Job Type : Full Time

Number of Applicants

 : 

000+

Click to reveal the number of candidates who applied for this job.
icon loader
icon loader

This job is no longer accepting applications.

Scroll down below to view similar jobs .

Job Description - Personleg assistent

Om stillinga

Me har ledig fast stilling som brukarstyrt personleg assistent til ein mann med behov for assistanse i kvardagen.  Stillinga er 15% kvar fjerde helg, med dag- og seinvakt, og er ledig frå snarast. 

Tenestemottakar vekslar på å bu i eige husvære, saman med familien, og i avlastningsbustad. Som brukarstyrt personleg assistent er du ein del av kvardagen til brukaren og familien hans. 

Personlege assistentar organisert under kommunalområde helse og omsorg, ved avdeling bu og miljø.   

Me gir omsorg og oppfylging til brukarar med ulike behov. Der meistring av kvardagslege aktivitetar og sosial deltaking står i fokus. Som brukarstyrt personleg assistent kan du gjere ein stor skilnad kvardagen for eit anna menneske. Kvardagen er variert og gjevande, med gode vilkår.  

Arbeid og ansvarsområde

Brukaren treng hjelp til:

  • forklaring / formidling
  • transport 
  • daglege gjeremål
  • personleg stell 
  • trening
  • ernæring
  • helseoppfylgjing 

Me tilbyr

  • ei stilling som fint kan kombinerast ved siden av å vere student
  • bli ein del av ein triveleg arbeidsplass der arbeidsmiljø står i sentrum 
  • gode pensjons- og forsikringsordningar 
  • løn etter etter tariff
  • ekstra laurdag og søndagstillegg (+ kr 10 over tariff)
  • gratis inngang til treningsrom i Aurlandshallen 
  • gratis inngang til symjehallen 

Sjå gjerne informasjonsbrosjyre om kommunen vår  her.

Personlege eigenskapar 

Me vil at du: 

  • har evne til sjølvstendig arbeid
  • er lojalitet til det faglege arbeidet
  • er positiv og har godt humør
  • er løysingsorientert 
  • er samarbeidsvillig
  • er lærevillig
  • vil bidra positivt til arbeidsmiljøet

Løns- og tilsetjingsvilkår

  • tilsetting, løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale
  • gode pensjons- og forsikringsordningar
  • førarkort klasse B
  • politiattest etter helse- og omsorgstenestlova 

Krav til språk

Du bør kommunisere godt på norsk, både munnleg og skriftleg. Aurland kommune nyttar nynorsk som målform.

Generell informasjon om søknadsprosessen 

Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkjarlister til ledige stillingar. Søkjarar, som har oppmoda om at namnet blir unnateke søkjarlista, må krysse av for dette og grunngje valet i søknadsteksten. Me tek kontakt med søkjarar som har bedt om dette, dersom me meinar at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg. 

Mangfald kan gje oss eit breiare perspektiv. Medarbeidarar med ulik livserfaring og fagkombinasjonar kan gjere oss i stand til å finne gode løysingar i kommunen vår. Me oppfordrar derfor alle til å søke jobb utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søke sjølv om du ikkje kan syne til ei samanhengende yrkeskarriere. 

Me ynskjer deg velkomen som arbeidssøkar i Aurland kommune.

Kvalifikasjonar

  • erfaring frå arbeid i helse og omsorg, men god opplæring blir gitt om du ikkje har det. 
  • fagbrev helsearbeidarfaget er ein fordel, men ikkje eit krav for tilsetjing 
  • du vil få god opplæring, tett oppfylgjing og god rettleiing

Aurland kommune ligg vakkert til ved Sognefjorden, sentralt ved E16 mellom Oslo og Bergen. Me ynskjer å vera Noreg sin fremste kommune på heilårsturisme, og har eit mangfaldig næringsliv i vekst. Me er om lag 1780 innbyggjarar fordelt på bygdene Aurlandsvangen, Undredal, Flåm, Gudvangen og Vassbygdi. Aurland kommune satsar spesielt på trygge oppvekstkår, nærings- og bustadutvikling og god tenesteyting. Kommunen har gode kultur- og idrettstilbod både for små og store, som til dømes basseng, musikkskule, klatring, handball, fotball, friidrett og boksing.

På kulturskulen kan ein få opplæring i gitar, trommer, bass og biletkunst m.m. Aurland er ei naturperle og ideelt for fjellturar, jakt og fiske. Nærøyfjorden og Aurlandsfjorden er på UNESCO si verdsarvliste for det spektakulære fjell- og fjordlandskapet. Det er kort veg til Myrkdalen, Vatnahalsen, Sogndal og Hemsedal om du likar å gå langrenn eller vil i slalåmbakken. Vil du nyte god mat, har me restaurant, kafé, bryggeri, og bakeri.

Original job Personleg assistent posted on GrabJobs ©. To flag any issues with this job please use the Report Job button on GrabJobs.

This job is no longer accepting applications.

Scroll down below to view similar jobs .

Share this job with your friends

icon get direction How to get there?

icon geo-alt Aurland

icon get direction How to get there?
View similar Healthcare / Careworkers jobs below

Similar Jobs in Norway

Share this job with your friends

GrabJobs is the no1 job portal in Norway, connecting you to thousands of jobs fast! Find the best jobs in Norway, apply in 1 click and get a job today!

Mobile Apps

Copyright © 2024 Grabjobs Pte.Ltd. All Rights Reserved.