Number of Applicants
:000+
Let AI Supercharge Your Job Hunt!
JobCopilot scans 500,000+ company career sites daily to find jobs for you
Westcon Yard Florø held til på det tradisjonsrike verftet sentralt i Florø, og er ein leiande aktør innan forretningsområda subsea/fabrikasjon, skip og forsvar. Vi har ei prosjektportefølje som stadig utviklar seg i takt med nye behov og moglegheiter. Westcon satsar langsiktig og jobbar målretta med modernisering og berekraft. Til ei nyoppretta stilling, ser vi no etter ein driftsleiar for verftet. Du får ei sentral rolle i leiinga av verftet, med ansvar for produksjon, vedlikehald og anlegg.
Som driftsleiar vil du leie eit team av produksjons- og vedlikehaldsleiarar, og det er derfor viktig at du har gode leiareigenskapar og erfaring frå drift av større anlegg. Stillinga inngår i leiargruppa ved Westcon Yard Florø og rapporterer direkte til verftsdirektøren.
Dine ansvarsområde:
Kven ser vi etter?
Du har leiarerfaring og god oversikt over operativ drift. Du forstår korleis du får folk med deg, og har evne til å planleggje langsiktig utan å miste blikket for detaljane.
Vi ser for oss at du:
Du må kunne sikkerheitsklarerast for nivå HEMMELEG / NATO SECRET. Sjå nsm.no for meir informasjon.
Har du spørsmål om stillinga?
Ta gjerne kontakt med verftsdirektør Westcon Yard Florø:
Trygve Solaas på telefon 900 51 610 eller e-post [email protected].
Eller rådgjevarar
Asbjørn Grini på telefon 917 94 825 eller e-post [email protected]
Daniel Klakegg Dvergsdal på telefon 904 79 470 eller [email protected]
OM WESTCON YARD FLORØ
Westcon Yard Florø er i vekst og har som underleverandør til Kongsberg Naval Service inngått ein strategisk rammeavtale om vedlikehald av forsvaret sine fregattar, i tillegg til avtalar om vedlikehald av Kystvaktflåten. Vi opplever samtidig god vekst innanfor nybygg av subseamodular og leverer mellom anna til kundar som Aker, Technip FMC og Subsea 7. Vi er opptekne av at du må ha dei rette haldningane, like å samarbeide og kunne kommunisere godt med andre. Vi er vidare opptekne av at vi her på Westcon er eit fellesskap, der kunnskap blir delt på tvers av roller og avdelingar.
Kvifor velje oss? Som driftsleder oss vil du få faglege utfordringar, men òg gode moglegheiter for individuell karriereutvikling. Våre siste store kontraktar gir oss mange moglegheiter, men òg tryggleik og stabilitet i eit langsiktig perspektiv. Som arbeidsplass kan vi by på fagleg utfordring og utvikling, kjekke kollegaer med godt samhald, eiga kantine, velferdsordningar og gode framtidsutsikter. Vi er i dag rett over 200 tilsette, og ser fram til å ønskje fleire nye kollegaer velkomne!
Verftet si lokalisering: Florø er ein småby med om lag 9 000 innbyggjarar lengst vest i landet og er omgjeven av fantastisk natur. Fjell og hav er tett på, men du finn samtidig alt du treng av byliv med kafear, kultur og ulike fritidstilbod. Her er ein sentralt plassert flyplass med direkteruter til Oslo og Bergen. I tillegg har Kystekspressen sine båtruter to daglege avgangar til Bergen.
Auto-Apply to Driftsleder Jobs with your AI JobCopilot
Copyright © 2026 Grabjobs Pte.Ltd. All Rights Reserved.