Let AI Supercharge Your Job Hunt!
JobCopilot scans 500,000+ company career sites daily to find jobs for you
Westcon Yard Florø held til på det tradisjonsrike verftet sentralt i Florø, og er ein leiande aktør innan forretningsområda subsea/fabrikasjon, skip og forsvar. Vi har ei prosjektportefølje som stadig utviklar seg i takt med nye behov og moglegheiter. Westcon satsar langsiktig og jobbar målretta med modernisering og berekraft. No ser vi etter fleire dyktige kollegaer som vil vere med og styrkje laget i eit variert arbeidsmiljø i vekst og utvikling.
Som MC/Commissioning-ingeniør hos oss får du ei sentral rolle i å sikre at våre leveransar blir ferdigstilt og dokumentert i tråd med krav og forventningar. Du vil jobbe tett med både prosjektleiing og produksjon – og vere bindeledd mellom ulike fagmiljø.
Du får ansvar for å planlegge utsjekk av arbeid, dokumentasjon og testing – og bidra til at vi leverer trygt og presist, kvar gong.
Som MC/Commissioning-ingeniør i Westcon Yard Florø vil du ha ei operativ rolle og jobbe tett saman med kollegaer frå fleire fagområde. Du har hovudansvar for ferdigstilling og testing – men vil òg bidra i andre oppgåver ved behov.
Sentrale oppgåver:
Vi ser etter deg som har erfaring frå verfts-, offshore- eller leverandørindustrien – eller som maskinist.
Du har gjerne:
Vi ser for oss at du er strukturert og løysingsorientert – og at du trivst med å ha ansvar og følgje opp detaljar i praksis. Du samarbeider godt med andre og har:
Du må kunne sikkerheitsklarerast for nivå HEMMELIG / NATO SECRET. Sjå nsm.no for meir informasjon.
Ved spørsmål om stillingen; ta gjerne kontakt med Avdelingsleder Teknisk: Boy Patrick Markx på tlf: 467 89 925, eller e-post: [email protected]
OM WESTCON YARD FLORØ
Westcon Yard Florø er i vekst og har som underleverandør til Kongsberg Naval Service inngått ein strategisk rammeavtale om vedlikehald av forsvaret sine fregattar, i tillegg til avtalar om vedlikehald av Kystvaktflåten. Vi opplever samtidig god vekst innanfor nybygg av subseamodular og leverer mellom anna til kundar som Aker, Technip FMS og Subsea 7. Vi er opptekne av at du må ha dei rette haldningane, like å samarbeide og kunne kommunisere godt med andre. Vi er vidare opptekne av at vi her på Westcon er eit fellesskap, der kunnskap blir delt på tvers av roller og avdelingar.
Kvifor velje oss? Som MC/Commissioning-ingeniør hos oss vil du få faglege utfordringar, men òg gode moglegheiter for individuell karriereutvikling. Våre siste store kontraktar gir oss mange moglegheiter, men òg tryggleik og stabilitet i eit langsiktig perspektiv. Som arbeidsplass kan vi by på fagleg utfordring og utvikling, kjekke kollegaer med godt samhald, eiga kantine, velferdsordningar og gode framtidsutsikter. Vi er i dag rett over 200 tilsette, og ser fram til å ønskje fleire nye kollegaer velkomne!
Verftet si lokalisering: Florø er ein småby med om lag 9 000 innbyggjarar lengst vest i landet og er omgjeven av fantastisk natur. Fjell og hav er tett på, men du finn samtidig alt du treng av byliv med kafear, kultur og ulike fritidstilbod. Her er ein sentralt plassert flyplass med direkteruter til Oslo og Bergen. I tillegg har Kystekspressen sine båtruter to daglege avgangar til Bergen.
Auto-Apply to MC/Commissioning-ingeniør Jobs with your AI JobCopilot
Copyright © 2026 Grabjobs Pte.Ltd. All Rights Reserved.