Number of Applicants
:000+
Let AI Supercharge Your Job Hunt!
JobCopilot scans 500,000+ company career sites daily to find jobs for you
Ynskjer du ein spennande og variert arbeidskvardag som leiar for dyktige operatørar i eit tverrfagleg miljø?
Hydro Husnes søkjer etter ein positiv og engasjert leiar til rolla som områdeleiar for sentralt vedlikehald. Dersom du vert motivert av å gjere andre gode og har eit driv for utvikling av menneske og prosessar, då er denne rolla for deg.
Moglegheit for personleg og fagleg utvikling i ein organisasjon prega av engasjement, vilje og evne til å skapa noko saman. Du får vere med å påverke og bidra til utviklinga av Hydro Husnes, saman skapar me ein arbeidsplass for framtida. Hydro er ein leiande aktør innan aluminiumsproduksjon, med moglegheit for karriereutvikling både, lokalt, nasjonalt og internasjonalt.
Sentralt vedlikehald leverer støtte innan disiplinane mekanisk, elektro og automasjon til driftsavdelingane ved Hydro Husnes. Som områdeleiar vil du ha ei sentral rolle med personalansvar for medarbeidarar med brei tverrfagleg tyngde. Du vil vere ansvarleg for å leia avdelinga mot mål innan HMS, vedlikehald, forbetringsarbeid, kvalitet og kostnadar.
Arbeidsoppgåvene vil inkludere:
For å lukkast og trivast i denne rolla, må du vere god på relasjonsbygging og samarbeid. Dette vil fremje eit godt samarbeidsklima på tvers av avdelingar og hjelpe avdelinga til å nå sine mål i tråd med selskapets visjon og verdiar. Di leiarerfaring bidreg til at du raskt dannar deg eit bilde av heilskapen, ser gode løysingar og potensiale for vidare utvikling av avdelinga. Ditt positive humør og pågangsmot gjer at du saman med avdelinga skapar engasjement og vilje til forbetring.
Dette er ei dagtidsavdeling, rolla rapporterer til einingsleiar teknisk.
Søknadsfrist: 08.03.2026
Ansettelsesleder
Christian Nupen
(Norway +47) 97122342
Rekrutterer
Berit Åkre
(Norway +47) 92227339
Hydro Aluminium Metal er en ledende leverandør av pressbolter, valseblokker, støpelegeringer, tråd og høyrenhetsaluminium med et globalt produksjonsnettverk med rundt 6,000 ansatte. Vi har anlegg for produksjon av primærmetall i Europa, Canada, Australia, Brasil og Qatar, og gjenvinningsanlegg i Europa og USA. To tredjedeler av vår produksjon av primæraluminium er basert på fornybar energi.
Auto-Apply to Områdeleiar sentralt vedlikehald Jobs with your AI JobCopilot
Copyright © 2026 Grabjobs Pte.Ltd. All Rights Reserved.