Teknisk prosjektadministrator ved IT-avdelinga fast tilsetting i prosjekt

icon briefcase Job Type : Full Time

Number of Applicants

 : 

000+

Click to reveal the number of candidates who applied for this job.

Job Description - Teknisk prosjektadministrator ved IT-avdelinga fast tilsetting i prosjekt

Teknisk prosjektadministrator ved IT-avdelinga – fast tilsetting i prosjekt

ArbeidsgiverUniversitetet i BergenStedNygårsgaten. 5, 5015 Bergen

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?


Om stillinga 

Universitetet i Bergen har for tida to større satsingar innan IT-sikkerheit. Prosjektleiinga treng meir kapasitet til å administrere heile satsinga og til leiing av mindre, relaterte prosjekt. IT-avdelinga søker deg som er interessert i IT-sikkerheit, som er interessert i tenestekvalitet og teknisk infrastruktur, som trivst i dialog med brukarar av IT-tenester og som er strukturert og serviceorientert. Di evne til å fungere i team og i dialog med teknikarar og brukarar frå alle fagområde er viktig.

Ved IT-avdelinga, Seksjon for digitale produkt og verksemdtenester er det etablert eit prosjekt for sikring av forskingssystem og i samband med dette er det ledig ei fast stilling som avdelingsingeniør/overingeniør/senioringeniør i rolla som prosjektadministrator.

IT-sikkerheit vert stadig viktigare og trusselbildet utvidar seg stadig. Universitetet i Bergen har svært mykje lokalt drifta utstyr, både vitskapleg utstyr og meir tradisjonelt datautstyr, der IT-avdelinga no skal sikre dette mot trusselaktørar. Samstundes pågår parallelt eit arbeid med å utvikle IT-avdelinga sine tenester for betre kvalitet, større kapasitet og slik skape betre sikkerheit.

Om IT-avdelinga

IT-avdelinga ved UiB er eit av dei største IT-miljøa på Vestlandet.Vi leverer eit breitt spekter av IT-tenester innan utvikling, drift, forvaltning og brukarstøtte. Vi er ein kunnskapsrik og engasjert organisasjon med deltaking i spennande aktivitetar innanfor heile UiB si verksemd og med brei kontakt med brukarane ved universitetet. Vi har eit stort mangfald av teknologiar, kompetanse og nasjonalitetar.

IT-avdelinga har om lag 120 tilsette, i tillegg til lærlingar og deltidstilsette studentar.


Oppgåver og kompetanse:

Du som skal fylle denne rolla vert på mange måtar eit nav i prosjektet og skal gi støtte til prosjektleiar med gjennomføring og oppfølging av møter og aktivitetar mot fagmiljøa. Du skal handtere henvendingar til prosjektet og sende desse videre i linja på IT-avdelinga eller syte for at dei vert handtert i prosjektet når det er naudsynt. Svært mange av aktivitetane i prosjektet er i seg sjølv små prosjekter og må leiast som dette. Om du vil dykke djupare i det IT-tekniske og IT-sikkerheit er det rom for det innan prosjektet, men dette vert ikkje krevd.


Ønska kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • God generell IT-kompetanse, gjerne med ei særskilt interesse for IT-sikkerheit.
  •  God skriftleg og munnleg framstillingsevne og gode kommunikasjonsevne.
  •  Komfortabel med å føre ordet i møter, både som presentasjon og i dialog, men også med å føre møtereferat som godt beskriv kva som er beslutta.
  • For tilsetting som avdelings- eller overingeniør vert det krevd bachelorgrad innan relevant fagområde. For tilsetting som senioringeniør vert det krevd mastergrad innan relevant fagområde. Realkompetanse kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i nokre tilfelle kompensere for kravet om utdanning.
  • Det er ei føremon om du:

  • Er god på å formidle IT-tekniske tema til folk utan IT-bakgrunn og flink til å fange behov som kommuniserast frå desse.
  • Har god kunnskap om IT-infrastruktur både i sky og i egen maskinhall, og kjenner til standard byggeklossar i slik infrastruktur.
  • Er sjølvstendig, men fungerer godt i samspel med andre og kommuniserer godt munnleg og skriftleg både på norsk og engelsk.
  • Kjenner enten organisering og rutinar ved UiB og IT-avdelinga godt eller evner å sette deg raskt inn i dette.
  • Har erfaring frå prosjektadministrasjon, helst innan standard rammeverk. UiB nyttar DIFI sin prosjektvegvisar som igjen er basert på Prince II.

    Om du har noko men ikkje alt det me spør etter er det rom for å byggje dette gjennom intern opplæring.


  • Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Ein kunnskapsrik og engasjert organisasjon med deltaking i mange spennande aktivitetar og brei kontakt med brukarane ved universitetet.
  • Moglegheit for vidareutvikling og kompetanseheving.
  • Stilling som avdelingsingeniør (kode 1085) med løn kr. 480 900-524 700, overingeniør (kode 1087) løn kr. 575 400-692 400, eller senioringeniør (kode 1181) løn kr. 646 000-745 000 avhengig av ansiennitet og kvalifikasjonar. For spesielt kvalifiserte søkarar kan det verte aktuelt med høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse.
  • Fleksitid og

  • Generell informasjon:

    Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Prosjektleiar Bjørn Tore Sund (, mobil 91 86 80 75) eller underdirektør og seksjonsleiar Cecilie Ohm (, mobil 46 47 46 44).

    Dei som blir tilsett kan få andre arbeidsoppgåver innan avdelinga sine arbeidsområde

    Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

    Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette. 

    UiB er underlagt regelverket for eksportkontroll og regelverket kan komme til anvending ved behandling av søknader til stillinga.

    Nærare om tilsettingsprosessen .


    Om arbeidsgiveren

    ArbeidsgiverUniversitetet i BergenHjemmeside

    Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

    Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen. Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om IT-avdelinga

    Om stillingen

    Stillingstittel:Teknisk prosjektadministrator ved IT-avdelinga – fast tilsetting i prosjektAntall stillinger:1AnsettelsesformFastHeltid/deltidHeltidSektorOffentlig
    Original job Teknisk prosjektadministrator ved IT-avdelinga fast tilsetting i prosjekt posted on GrabJobs ©. To flag any issues with this job please use the Report Job button on GrabJobs.
    icon no cv required No CV Required icon fast interview Fast Interview via Chat

    Share this job with your friends

    icon get direction How to get there?

    icon geo-alt Våler I Østfold, Østfold

    icon get direction How to get there?
    View similar Others jobs below

    Similar Jobs in Norway

    Share this job with your friends

    GrabJobs is the no1 job portal in Norway, connecting you to thousands of jobs fast! Find the best jobs in Norway, apply in 1 click and get a job today!

    Mobile Apps

    Copyright © 2024 Grabjobs Pte.Ltd. All Rights Reserved.